19. mai 2012
Møter i fellesrådet

Endring i møtedato: neste møte er 14. juni kl 1500.

Fellesrådsmøter: 26.januar, 8. mars, 26. april, 14. juni, 13. september, 18. oktober, 29.november.

 

Innkalling til fellesrådsmøte
 Tittel 
Protokoll fra fellesrådsmøter
Fellesrådets ansvar

Ansvar og oppgaver

Kategorier: | Forfatter: Daniel Flugstad | Opprettet: 30.01.2011 | Visninger: 1096

I alle kommunar med meir enn eitt sokn, er det lovfesta at det skal vere eit kyrkjeleg fellesråd. I 2/3 av kommunane i Noreg er det slik. Som namnet seier, er dette både eit kyrkjeleg organ forplikta på føremålsparagrafen ein finn som § 1 i kyrkjelova, og eit felles organ for sokna. I kyrkjeleg fellesråd sit det representantar for sokneråda, ein prest og ein representant oppnemnd av kommunen. Kyrkjelova slår fast at det er visse oppgåver sokna skal samarbeide om gjennom dette felles organet. Kyrkjeleg fellesråd har sin eigen «hovudparagraf» i kyrkjelova som seier kva som er føremålet med rådet, og kva oppgåver det har. Ansvaret er «positivt avgrensa» (jf. soknerådet «negativt avgrensa»).

Positivt avgrensa vil seie at dei oppgåvene fellesrådet har ansvar for, er definerte i § 14 i kyrkjelova. Det er ansvaret for

  • administrative og økonomiske oppgåver på vegner av sokna,
     
  • å utarbeide mål og planar for den kyrkjelege verksemda i kommunen,
     
  • å fremje samarbeid mellom kyrkjelydane,
     
  • å ta hand om interessene til sokna i høve til kommunen.
     

Slik blir fellesrådet eit strategisk samhandlingsorgan, både for kyrkjelydane seg imellom og for kontakten mellom den lokale kyrkja og kommunen. Dei viktigaste oppgåvene til fellesrådet er

  • bygging, drift og vedlikehald av kyrkjer, kyrkjegardar og kyrkjeinventar,
     
  • å skaffe og drive kyrkjekontor (inklusive prestekontor),
     
  • å skaffe lokale, utstyr og&
Print Bookmark and Share

Tilbake
Arild Stana er valgt til ny leder av kirkelig fellesråd

Knut Haugom er valgt til nestleder i kirkelig fellseråd

Uttalelse om privatliv  |  Betingelser for bruk
© 2011 Hamar kirkelige fellesråd - Powered by Agrando AS