Endring i møtedato: neste møte er 14. juni kl 1500.
Fellesrådsmøter: 26.januar, 8. mars, 26. april, 14. juni, 13. september, 18. oktober, 29.november.
I alle kommunar med meir enn eitt sokn, er det lovfesta at det skal vere eit kyrkjeleg fellesråd. I 2/3 av kommunane i Noreg er det slik. Som namnet seier, er dette både eit kyrkjeleg organ forplikta på føremålsparagrafen ein finn som § 1 i kyrkjelova, og eit felles organ for sokna. I kyrkjeleg fellesråd sit det representantar for sokneråda, ein prest og ein representant oppnemnd av kommunen. Kyrkjelova slår fast at det er visse oppgåver sokna skal samarbeide om gjennom dette felles organet. Kyrkjeleg fellesråd har sin eigen «hovudparagraf» i kyrkjelova som seier kva som er føremålet med rådet, og kva oppgåver det har. Ansvaret er «positivt avgrensa» (jf. soknerådet «negativt avgrensa»).